”Sosial web blir brukt om alle nettfenomen som skapar kontakt mellom menneske. Slike fenomen kan vere til dømes Facebook, MSN og e-post med fleire. Brukarane av desse fenomena vil vere både mottakarar og leverandørar. Mange av desse brukarane er gjerne barn og unge som har lært seg å bruke dette i fritida si, og utfordringa blir dermed å lære dei å gjere seg nytte av dette som eit læringsverktøy.
Antropologiprofessoren Mike Wesch og sosiologen Neil Selwyn har forska på bruken av digitale medium i eit undervisningsperspektiv. Begge desse to har klare meiningar om utbytte ein har av å bruke av sosial web i utdanningssystemet. Wesch er positiv til å nytte sosial web i undervisninga. Han meiner at den gjer at elevane får lett tilgang på kunnskap og ein skapar ei meiningsfull samhandling mellom dei lærande. Ved at eleven kan søke på kunnskap, vil han kunne sjå at den kunnskapen han lærer høyrer til på fleire område og innanfor fleire tema. Han legg vekt på at i læresituasjonar utviklar ein seg ved å få tilbakemeldingar frå andre og nyttar sitatet ”Ingen er så smarte som alle!”. Ved å bruke sosial Web er elevane aktive, dei kan dele informasjon samstundes som dei kan reflektere og diskutere med utangspunkt i kjelder som vert lettare tilgjengelege. Fordi om Wesch kan oppfattast som genuint positiv, understrekar han kor viktig det er at lærarane viser elevane og lærer dei korleis dei kan nytte desse fenomena som undervisningsverktøy og ikkje berre som underhaldning. Neil Selwyn derimot er meir kritisk til å nytte sosial web i undervisninga, noko som han argumenterarar utifrå at det er stor forskjell på den formelle undervisninga og sosial web. Han meiner at det er stort uformelt læringspotensial i denne læreforma og at elevane ikkje lærer dei basisdugleikane som er viktige. Han meiner også at mange unge truleg har kjennskap til desse fenomena gjennom fritid og at elevane dermed vil vere kritiske til å skulle nytte desse fenomena i læresituasjonar. Han er opptatt av funksjonen teknologien har i undervisningssituasjonar og han stiller seg kritisk til om sosial web er eit betre læringsverktøy enn andre læringsverktøy. Selwyn er klar på at viss ein skal ha fokus på ei undervisningsform som legg vekt på bruken av Sosial web, må ein ha klare læringsmål slik at elevane ikkje berre oppnår dugleikar i å kommunisere i nettverk, men også sit igjen med viktig kunnskap på ulike felt.
Eg trur at det eksisterer mange ulike oppfatningar rundt læringsverktøyet sosial web og at der ligg mange utfordringar i å skulle nytte dette som eit konstruktivt verktøy for å oppnå god kunnskap hjå elevane. Likevel er det slik at teknologien stadig utviklar seg, og barn og unge tileignar seg ofte dugleikar til å nytte denne teknologien svært raskt. Eg trur at denne læringsforma kan gje elevar mykje god kunnskap, også innanfor basisdugleikane, så lenge dei forstår at dette kan vere ein reiskap for læring og ikkje berre som underhaldning.
Lenker:
http://www.youtube.com/watch?v=J4yApagnr0s
http://www.itu.no/Nyheter/1224493677.04
http://www.itu.no/filearchive/neil_selwyn_oslo.pdf
http://www.oecd.org/dataoecd/32/3/39458556.pdf
mandag 26. januar 2009
Abonner på:
Innlegg (Atom)
